Bookingvilkår

Bookingvilkår

Generelle vilkår

  • Vi aksepterer kontantar og følgjande kredittkort: Visa, Mastercard, Maestro og Diners.
  • Faktura berre ved førehandsavtale, og då betaling pr. 10 dagar.
  • Bestillinga er bindande ved:
    • Betaling av arrangementet med stadfesta godkjent transaksjon. Ta vare på utskrifta.
    • Skriftleg stadfesting frå Voss Active.
  • Voss Active AS tar atterhald om endring eller kansellering av arrangement grunna vasstand eller vêrtilhøve.
  • Turar kan verte kansellerte eller flytta om vi ikkje har mange nok gjestar påmeldt til å gjennomføre aktiviteten.
  • Dersom Voss Active AS kansellerer, skal vi tilby alternativ aktivitet om mogleg. Kunden kan velje å trekkje seg frå bestillinga og vi refunderer 100%.
  • Deltakarar er sjølv pliktige til å innhente informasjon om våre aldersgrenser, krav til fysisk helse osv.
  • Mindre justeringar i tal kostnadsfritt inntil 24 timar før innsjekking, men ver snill og hald oss fortløpande oppdatert.
  • Det vert kravd betaling for bestilte plassar som ikkje vert nytta!

 

Avbestilling som fylgje av COVID-19:

Individuelle bestillingar med verdi inntil kr. 10.000,-
  • Total avbestilling som fylgje av reiserestriksjonar, karantene eller sjukdom innan 24 timar før innsjekking: Vi vil fritt flytte eller kostnadsfritt avbestille bestillinga.
  • Total avbestilling som fylgje av reiserestriksjonar, karantene eller sjukdom mindre enn 24 timar før innsjekking: Vi vil fritt flytte eller refundere/fakturere 50 % av bestillingas totale verdi.

Individuelle bestillingar og gruppebestillingar med verdi over kr. 10.000,-
  • Total avbestilling som fylgje av reiserestriksjonar, karantene eller sjukdom innan ei veke før arrangementet: Vi vil fritt flytte eller kostnadsfritt avbestille bestillinga.
  • Total avbestilling som fylgje av reiserestriksjonar, karantene eller sjukdom ei veke til 24 timar før arrangementet: Vi vil fritt flytte eller refundere/fakturere 50 % av bestillingas totale verdi.
  • Total avbestilling som fylgje av reiserestriksjonar, karantene eller sjukdom mindre enn 24 timar før arrangementet: Vi vil fritt flytte eller: Refundere 25 % av bestillingas totale verdi/fakturere 75 % av bestillingas totale verdi.
  • Hald oss fortløpande oppdatert, så finn vi gode løysningar saman!

 

Avbestillingsvilkår

  • Total avbestilling kostnadsfritt seinast fire veker før arrangementet.
  • Avbestilling fire til to veker før arrangementet: Vi refunderer 80 % eller fakturerer 20 % av bestillingas totale verdi.
  • Avbestilling to veker til 24 timar før arrangementet: Vi refunderer 50 % eller fakturerer 50 % av bestillingas totale verdi.
  • Avbestilling seinare enn 24 timar før arrangement: Ingen refusjon eller 100% faktura av bestillingas totale verdi.
  • Avbestilling ved sjukdom/skade: Må stadfestast av lege. Kostnadsfritt så lenge vi er varsla innan arrangementet startar.
  • Ved avbestilling ber vi om at kopi av bestillinga vert send skriftleg til Voss Active AS med eventuelle vedlegg.