Driftsansvarleg for Elvatun Restaurant

Driftsansvarleg for Elvatun Restaurant

Driftsansvarleg for restauranten vår: Mai-oktober, 100% stilling:
Jobben går ut på å syte for at alle som har hatt det kjekt ute på aktivitet får ei god matoppleving i Elvatun. Totalopplevinga hjå Voss Active skal vere ypparleg!
Arbeidsoppgåver:
  • Kjøken og bardrift med alle arbeidsoppgåver som høyrer til.
  • Setje opp menyar og vaktlister.
  • Matlaging og servering.
  • Innkjøp og vareteljing.
  • Fungere som vårt vertsskap på Elvatun.

Me søkjer ein person med røynsle frå restaurantdrift som er ledig for arbeid heile sommarhalvåret. Er du den rette for oss?

  • Du må vere over 20 år.
  • Du må vere blid og serviceinnstilt.
  • Like å lage mat – grille, koke, steike
  • Ansvarsfull, pliktoppfyllande og like å ta i eit tak.
  • Trivst godt med å jobbe både sjølvstendig og aleine og leiar i team.
  • Fleksibel og kan jobbe seine kveldar innimellom.
  • Gode munnlege engelskkunnskapar.

Søknad sendast: frode@vossactive.no

Søknad må innehalde komplett CV og referansar.

Ledige stillingar

EU Bus Driver: D-95 license

We have positions for European Bus & Minibus Drivers: EU citizen with D license and Professional driver certificate (code 95/CPC) Full time seasonal: Between May

Read More »