Elvatun Restaurant & Friluftsspa

Her finn du FRILUFTSSPA med tre store utandørs boblebad, lafta vedfyrt badstove, badestamp og trapp ned til elva. Boblebada held 40 deilege varmegrader og passar difor like godt til både after-rafting som after ski.

ELVATUN er ei spisestove med heilt spesiell atmosfære. Bygget er reist i tradisjonsrik grindabyggstil, med opne bjelkar og mykje tre og stein. Midt i rommet syter ei stor grue for lun stemning. Om sommaren opnar vi opp store «stalldører» mot hagen og elva

Heimelaga mat på bordet og fyr i peisen...

Kokken svinger sleivene på kjøkkenet og vartar opp med god og kortreist mat. Ingen fastfood her..!

Vi nyttar lokale råvarer så langt vi kan. Vi har skjenkeløyve med alle rettar og kan dekke til grupper på opp til 80 personar innandørs. Om sommaren kan vi dekke til 30 ekstra ute under tak. Grillbufeane våre er vidgjetne, og det same er vår viltgryte. Passar særs godt til firmaarrangement, turistgrupper, åremålsdagar, blåturar, utdrikningslag, små & store grupper. Ta kontakt, så sender vi deg vår innhaldsrike meny!

Vi syr gjerne saman eit skreddarsydd opplegg med aktivitetar, velvære og servering av god mat & drikke!

Aktivitetar, boblebad, bbq, vin og øl...

Ei unik spisestove som ligg idyllisk til, med fokus på god mat og god stemning. Perfekt for mellom anna julebord, jubileum, bryllaup og firmafest. Hjarteleg velkomen til oss!

Tenk deg - eit festleg lag...