Nøkkelinfo

pris

kr 1090.-
Mai, sept, okt
kr 1290.-
Juni, juli, aug & laurdagar

  • 15 år i løpet av året

    Må vere god til å symje!

  • Lunsj som tilleggsprodukt

    *Bare på kl10 turar

  • mai til og med sept

  • 10:00 & 15:00

BESTILLING

Elvebrett

Dette er sannsynlegvis den tøffaste elvesporten i Norge som er å oppdrive, men du bestemmer sjølv kor ekstrem denne sporten skal bli for deg.

Det er hardt arbeid, vått og vilt, og etter turen er du HEILT klar for ein tur i boblebadet!

Nokon tykkjer det er mest moro å surfe i bølgjer og symje ned små stryk, medan andre vil prøve seg i store valsar og tronge, bratte fossefall. Med symjeføter og hanskar er det forbausande lett å manøvrere deg sjølv og elvebrettet.

God drakt, redningsvest og hjelm vernar deg mot elementa. Vårt profesjonelle team instruerer og rettleiar deg gjennom kurset.

Detaljer – før du bestiller

Varigheit

  • ca. 3-4 timar totalt
  • ca. 1.5 – 2 timar på elva

Krav

  • Minimum 15 år
  • God fysisk helse
  • Må vere god til å symje
  • Ikkje påverka av rusmiddel
  • Dersom du har astma, epilepsi, eller liknande, ring oss for informasjon.
  • Kontakt oss dersom de ynskje vegetar mat!

Inkludert

  • Alt utstyr
  • Forfriskningar

Ta med!

  • Badetøy
  • Handkle
  • Ei langerma ull undertrøye for kjølege dagar

BOOKING

Location

Rafting Senter & Restaurant