Fasiliteter

I 2004 flytta Voss Rafting Senter ut av sentrum til naturskjøne Skulestadmo. Her ligg vi rett ved elva og kan presentere det mest moderne raftinganlegget i Noreg.

GARDERROBANE

Varmekablar i golvet i garderobane og dusjane. Varmtvass-tank på 2000 liter burde garantera varmt vatn for alle etter eventyra. 130 låsbare skap.

UTSTYR

Funksjonellt og hygienisk rom for utstyr, med våtdrakter og våtsko i alle størrelsar. Me vaskar og disinfiserar utstyret mellom alle turar.