Fosserappellering

Utstyrt med klatresele, våtdrakt og hjelm får du rappellere ned den 100 meter høge og svært spektakulære Skjervsfossen i 2 etappar. Enten du elskar eller hatar høgde, så set det garantert fart på hjertepumpa å fire seg ned ved sidan av denne kraftfulle fossen!

Gjennomføring:

Etter omkledning og utdeling av utstyr på raftingsenteret køyrer vi 15 minutt til parkeringa ved Skjervskiosken. No står vi på toppen av den mektige fossen og herifrå går det berre nedover!
Instruktøren gir informasjon om tryggleik og instruerar i korrekt bruk av utstyret. Sjølv om du sjølv kontrollerer nedstigninga, vil du vere sikra gjennom eit tryggleikssystem og kontrollert av ein guide.

Nedstiginga består av 2 hovudrappell og ein oppvarmingsdel: Første rappellen er kort og enkel, den brukar vi som oppvarming og for å forsikre oss om at alle er fortruleg med utstyret. Andre nedstigninga er på 30 meter ned til ein avsats, før den siste store nedstigninga på 70 meter. Ved normal vasstand passerer du bare få meter frå fossefallet, men du får deg som regel ein real dusj. Det fallande vatnet skapar turbulens og vindar. Til slutt når du bakken og endar opp i bassenget rett under fossen.

Her blir det forfriskingar, før ein til slutt hoppar i bussen og køyrer tilbake til raftingsenteret for varm dusj om omkledning. I Årestova kan du sjå bilde frå turen – som òg kan kjøpast med på cd, kjøpe deg mat og drikke, eller senke deg ned i dei førehandsbestilte boblebada…

Du treng ikkje tidlegare klatreerfaring, men dersom du har høgdeskrekk er kanskje ikkje dette aktiviteten for deg. Ikkje tru du har prøvd rappellering før du har gjort dette!!

  • Connector.Connector.

    Pris per person

    kr 1080.- pp

  • Connector.Connector.

    15 år i løpet av året

  • Connector.Connector.

    Over 70m høgd!

  • Connector.Connector.

    mai til og med okt

  • Connector.Connector.

    På førespurnad

Del side!

Meir info

Varigheit

  • 3-4 timar totalt (avhengig av størrelsen på gruppa)

Krav

  • 15 år i løpet av året
  • Normal fysisk helse
  • Ikkje påverka av rusmiddel
  • Dersom du har astma, epilepsi, eller liknande, ring oss for informasjon

Inkludert

  • Alt utstyr
  • Henting / bringing
  • Forfriskningar

Ta med

  • Badetøy
  • Handkle
  • Ei langerma ull undertrøye for kjølege dagar