Nøkkelinfo

pris

Born:
kr 525.-
pp
Voksen (15+):
kr 720.-
pp

  • Ingen aldergrense

  • Juni til og med sept

  • På førespurnad

BESTILLING

Guida Fjellturar

Voss Rafting arrangerer ulike guida fjellturar i dei vakre fjellområda rundt Voss. Turane vert lagt opp etter gruppa sine ynskjer, enten ein vil ha ein kort og lett tur eller ein lang og hard. Ei perfekt utflukt for ei lita gruppe eller ein familie, eller som ein av fleire aktivitetar for større grupper eller firma. Vi set ofte opp ein guida fjelltur som alternativ til rafting når vi har større grupper med stor spreiing i alder og interesser.

Halvdagstur

Den mest populære turen går til stølen Krone, ein middels lett tur med 2 mindre stigningar. God sti som går langs ei elv mesteparten av vegen, gjennom variert og vakkert landskap. Vi har også alternative turar med ulik vanskegrad. Transport er inkludert frå sentrum og fjellføraren ordnar med kaffi/te og kjeks.

Detaljer – før du bestiller

Varigheit

  • Halvdagstur: 3,5-4 timar

Krav

  • Normal fysisk helse
  • Ikkje påverka av rusmiddel
  • Dersom du har astma, epilepsi, eller liknande, ring oss for informasjon

Inkludert

  • Forfriskningar

Ta med

  • Solide sko og regntøy
  • Ei langerma ull undertrøye for kjølege dagar

BOOKING

Location

Rafting Senter & Restaurant