Kvalitet og Tryggleik

Tryggleikskontroll

Etter ein del ulykker i Sjoa på slutten av 80-tallet og byrjinga av 90-talet, var dagleg leiar i Voss Rafting Senter, Frode Solbakk, initiativtakar til utviklinga av eit nytt internt regelsett for raftingverksemd i Noreg. Dette skjedde samtidig som Staten utvikla eit generelt regelsett. Voss Rafting Senter har sidan dette vore ein svært aktiv pådrivar for fornying og forbetring av tryggleiksprosedyrane og var det første raftingfirmaet som fekk full ansvarsforsikring for alle aktivitetane. I dag er vi framleis dei einaste som kan tilby ulykkesforsikring på dei same aktivitetane. Den aktive fokuseringa vi har hatt på tryggleik og vår internkontroll førte til at vi i 1996 fekk, som det einaste raftingfirma, godkjenning av Forsvarets Overkommando til å arrangere turar for meinige.

Voss Rafting Senter har dei siste åra halde tryggleikskurs for bl.a. Bergen Brannvesen og diverse Røde Kors Hjelpekors. Vi har også vore involvert i HMS treninga til Esso-Exxon mobil. Vår spesielle kompetanse har også blitt nytta ved fleire redningsoperasjonar i regi av redningstenesta på Vestlandet.

Voss Rafting Senter står i dag fram som eit seriøst aktivitetsfirma som tek tryggleiken til kundane våre på alvor – utan at dette tek «brodden» av opplevinga. Vi opererer i ekstrem natur og ulykker kan skje. Vår statistikk tilseier at 0,5 – 1 promille av våre kundar må til legevakt for undersøking eller behandling av mindre skader. Vi har aldri hatt alvorlege ulykker.

Utstyr

Vi nyttar berre godkjent utstyr av høg kvalitet og kjende merker som Avon, Riken, Extrasport, NRS, Camaro, Petzl og ProTec. Elvene i Noreg er kalde, men Voss Rafting Senter tilbyr det varmaste utstyret av alle raftingfirmaene i Noreg. Som eksempel kan vi nemne 7mm semidry og 5mm Camaro våtdrakter, 5mm våtsko, 3mm neoprenjakker og sprutjakke i alle moglege storleikar. Vi meiner at dette utstyret er det einaste forsvarlege og har difor inkludert leiga i våre prisar. Dette er verd å merke seg om ein samanliknar prisar.

Vi vaskar draktene etter kvar tur med desinfiserande desinoxyd – vi tar hygienen på alvor.