Resepsjonsmedarbeidar

Resepsjonsmedarbeidar

Spanande sommarjobb på hovudkontoret

Er du på jakt etter ein artig og innhaldsrik sommarjobb? Aktivitetssesongen startar tidleg mai og avsluttast medio oktober. I perioden medio mai til og med august og gjerne helgar på hausten søkjer me ein pliktoppfyllande, positiv og effektiv medarbeidar som skal vera med å bidra til at våre gjestar får eit minnerikt opphald.

Stillinga er del av booking-, sals- og marknadsavdelinga der Leiv Kenneth Nilsen er leiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Kundehandsaming og innsjekking av deltakarar til ulike aktivitetar
  • Sal og booking per telefon og e-post
  • Dagleg drift av kontor med tilhøyrande arbeidsoppgåver

 

Kvalifikasjonar:

  • God munnleg- og skriftleg i norsk og engelsk.
  • God kunnskap i Microsoft Office.

 

Personlege eigenskapar:

  • Blid og serviceinnstilt med glimt i auga
  • Ansvarsfull, pliktoppfyllande og like å ta i eit tak.
  • Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.

 

Voss Active tilbyr:

  • Variert og spanande arbeid
  • Du vil få lære veldig mykje om kontorarbeid og korleis ein driftar eit selskap
  • Ungt, sporty og internasjonalt arbeidsmiljø i ei framoverlent og ekspansiv verksemd.

 

Søknad:

Søknad sendast: leiv@vossactive.no snarast
Søknad må innehalde CV og referansar.
Lønn og oppstart etter avtale

Voss Active er ei av dei største aktivitetsverksemdene i Noreg og har i over 30 år arrangert opplevingar for turistar, lag og firma. Vi tilbyr eit rikt og spanande aktivitetstilbod som til dømes rafting, elvebrett, fosserappellering, juvvandring, klatre- & ziplinepark samt utandørs boblebad og vedfyrt badstove.

Sommaren 2023 utvida vi og kan stolt ynskja gjester frå både inn- og utland velkomne til designhotellet Elva Hotel. Vi tilbyr ei komplett pakke som bind saman ekstremsport og naturopplevingar med spektakulær overnatting og matkultur.

Andre stillinger

Klatreparkinstruktør 2024

Me leitar etter nye folk som kan bli med i vår fantastiske instruktør-gjeng for sesongen 2024 og vidare!

Les Meir...