Miljø og Tryggleikstiltak

Miljøtiltak

  • Voss Active skal vere eit berekraftig selskap med sunne verdiar som er forankra hjå alle tilsette. «Leave nothing but footprints» er vårt miljømotto.
  • Vi skal tilby aktivitetar i naturen som i minst mulig grad nyttar motorisert ferdsel og vi skal ta omsyn til naturen.
  • Våre tilsette skal bidra til at våre deltakarar får oppleve korleis ein kan nytte naturen i Noreg til å få fantastiske opplevingar utan at miljø og natur tek skade.
  • Rafting, elvebrett og rappellering er aktivitetar som skjer i naturen heilt utan slitasje eller anna skade på natur og miljø. Vi tek omsyn til grunneigarar, fiskeinteresser og jakt.
  • Klatreparken nyttar gamal skog på ein skånsam måte og trea er overvaka av arborist.
  • Elvatun restaurant skal tilby lokalprodusert mat med lågt klimaavtrykk, og vi jobbar mot null matsvinn mellom anna ved at tilsette får med seg overskotet av matproduksjonen.
  • Voss Active sorterer og resirkulerer alt avfall. Voss Active er sertifisert som Miljøfyrtårn.

Tryggleikstiltak

  • Klatreparken er registrert som Fornøyelsespark med lovverk underlagt Statens Jernbanetilsyn (SJT), herunder sertifisering av anlegget, rutinar for kontroll, vedlikehald og drift, opplæring av tilsette, redningplanar, rapportering av hendingar og krav til forsikring.
  • Alle aktivitetar som rafting, elvebrett og rappellering etc er underlagt krav om produktkontroll og tilhøyrande regelverk underlagt Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB).
  • Voss Active er i tillegg medlem av Norsk Rafting Organisasjon som har utarbeida ein tryggleiksnorm for rafting i Noreg.
  • Voss Active har ein omfattande Internkontroll som omhandlar tryggleikstiltak for kvar enkelt aktivitet vi tilbyr, med tilhøyrande risiko analyse.
  • Internkontrollen omfamnar også krav sett av Mattilsynet for drift av storkjøkken og krav i samband med serveringsløyve og skjenkeløyve.
    Voss Active føl sjølvsagt alle krav om HMS, arbeidsmiljø, ansvarsforsikring og løyver.
  • Selskapet har transportløyve for passasjerar for 6 køyretøy.

Rafting Senter & Restaurant


Location

Klatre- og ziplinepark