Om Voss Active / Voss Rafting


VRS blei starta I 1992 som ei avdeling under Dagali Rafting AS, eit selskap som var eigd av Eivind Scharffenberg med Frode Solbakk som leiar.

I 1995 kjøpte Frode avdelinga på Voss saman med David Monaghan og Jan Erik Short og selskapet Voss Rafting Senter AS blei stifta. I denne fasen var det viktig for oss å kunne tilby eit meir ekstremt tilbod enn andre selskap i Noreg, og vi fant krevjande elver som fanga merksemd både hjå potensielle kundar og media.

Framleis er rafting i verdsklasse eit viktig salsargument for selskapet, men vi har dei siste åra utvikla mange nye produkt med ulike vanskegradar for å tilfredsstille eit breiare publikum.

VRS har vore ein sentral aktør for å plassere Voss på kartet som ein stad for opplevingsbasert reiseliv, både når det gjeld samarbeid lokalt og regionalt og utviklinga av destinasjonen. Ikkje minst har vi gjort Voss synleg gjennom media. I 1998 tok vi initiativet til Pepsi-Max Veko, i dag kjent som Ekstremsportveko. Vi har vidare vore involvert i TV produksjonar som Lonely Planet, 71’Nord, Tid For Reise, Tomorrows World, Flo Fjell og Fjøre og Amazing Race?

I 2004 flytta vi til nye fasilitetar i Skulestadmo, eit topp moderne raftingsenter med eigen restaurant. Vi er stolte av å kunne presentere eit av dei mest veldrivne opplevingsfirmaet i landet med eit godt arbeidsmiljø og ikkje minst særs nøgde gjestar!