
Skuleturar!

+ Team Bonding

+ Klatreparken!

+ villmarksleiren

+ Rafting!

Flyging i vindunnelen!

Nøkkelinfo

Grunnpakke frå: kr 1755.- pp
Aldersgrenser
10 år
Må kunne symje
mai til og med okt
Skuleturar
I periodane mai/juni og august/september arrangerer vi på vekedagar turar for skulegrupper til kraftig redusert pris. Basispakken er eit todagars opplegg som inkluderer overnatting i villmarksleiren med alle måltid, lagbygging, klatreparken og rafting. Pakka kan sjølvsagt byggast ut med fleire overnattingar og aktivitetar. Be om tilbod!
LAST NED BROSJYRE
Grunnpakka
Dag 1
(Vi ordnar transport vidare dersom de ikkje kjem i eigen buss)
Vi set saman eit program med 3-5 ulike aktivitetar, som alle krev samarbeid og kreativitet for å kunne gjennomførast.
Gruppa vert delt inn i mindre lag og konkurrerer mot kvarandre.
Leiren ligg 15 min. køyring frå Voss i isolerte omgjevnadar. Leiren består av 2 store lavvoar, ei vikinghytte, eit stort bord under
tak, ei naturleg steingrotte med bord og benkar og to utedoar. Leiren er vidare utstyrt med diverse lamper, saueskinn, ved,
tallerkar, bestikk m.m.
Sidan det meste er under tak, spelar det ingen rolle om det regner!
Ein spanande kombinasjon av balansehindringar, klatring og zipliner (taubaner). I klatreparken er det 4 små løyper og 2 store
løyper med totalt 55 ulike klatre- og balanse element, inkludert 6 taubanar. Alle er godt sikra med klatreutstyr og instruktørar
leiar og hjelper til.
Resten av kvelden står til klassens disposisjon med bål, song etc. Vi oppmodar klassane til sjølve å organisere eigen
underholdning.
Dag 2
Vi lager frukost med brød, diverse pålegg, juice, kaffi og te. Etter frukost pakkar vi ned og ryddar leiren.
Alle skifter til raftingutstyr beståande av våtdrakt, surfesko, jakke, redningsvest og hjelm. Bagasjen legg de igjen i
garderobane. Busstransport til elva, der det vert gjeve instruksjon og trening. Raftingturen varer 3,5-4 timer. Klassar der
elevane er under 15år vil få rafting i Vosso med lågare gradering. Vi tek i så fall med både store raftar og små 2-manns
sportsraftar. Mykje bading og moro!
Vi syner bilete frå raftingturen på storskjerm.
Prisar 2021
kr 2050.- pp midtveke
(+ kr 150.- pp Helgetillegg)
Aldersgrenser
15 år i løpet av året
Må kunne symje
kr. 1755.- pp midtveke
(+ kr 150.- pp Helgetillegg)
Aldersgrenser
10 år i løpet av året
Må kunne symje
BOOKING
Ring oss
Mail oss
Kontortid
Sommer: mån > søn / 09:00 > 16:00
Vinter: mån > fre / 09:00 > 16:00