Villmarksleir

Den fantastiske og heilt spesielle leiren i Klatreparken er plassert mellom digre kampesteinar like ved Strandaelva og er arrangert rundt ei naturleg steingrotte. Her har vi fleire lavvoar, eit stort vikingbord under tak, vikinghus, fleire bålplassar og utedoar. Pent opparbeida stiar og parafinlamper er med på å gje leiren den rette atmosfæren og råma rundt eit vellykka opphald.

Høgdeløypa i leiren består av 2 store løyper og 4 mindre løyper med til saman 55 ulike balanse- og klatrehinder og 6 ziplines (taubaner). Sjå www.vossklatrepark.no for detaljar.

Dei dyktige guidane våre tilbereder måltida over open eld, grilling er vår spesialitet.

Villmarksleiren kan nyttast som eit dags/kveldsarrangement med og utan overnatting.

  • Connector.Connector.

    På førespurnad

  • Connector.Connector.

    Mai til og med sept

  • Connector.Connector.

    Overnatting!

Del side!