Elvatun Restaurant & Friluftsspa
Her finn du FRILUFTSSPA med tre store utandørs boblebad, lafta vedfyrt badstove, badestamp og trapp ned til elva. Boblebada held 40 deilege varmegrader og passar difor like godt til både after-rafting som after ski.
ELVATUN er ei spisestove med heilt spesiell atmosfære. Bygget er reist i tradisjonsrik grindabyggstil, med opne bjelkar og mykje tre og stein. Midt i rommet syter ei stor grue for lun stemning. Om sommaren opnar vi opp store «stalldører» mot hagen og elva
Aktivitetar, action, BBQ, boblebad, lunsj, vin og øl…
Kokken svinger sleivene på kjøkkenet og vartar opp med god og kortreist mat. Ingen fastfood her..!
Vi nyttar lokale råvarer så langt vi kan. Vi har skjenkeløyve med alle rettar og kan dekke til grupper på opp til 80 personar innandørs. Om sommaren kan vi dekke til 30 ekstra ute under tak. Grillbufeane våre er vidgjetne, og det same er vår viltgryte. Passar særs godt til firmaarrangement, turistgrupper, åremålsdagar, blåturar, utdrikningslag, små & store grupper. Ta kontakt, så sender vi deg vår innhaldsrike meny!
Vi syr gjerne saman eit skreddarsydd opplegg med aktivitetar, velvære og servering av god mat & drikke!
Boblebad, vedfyrt badstove, badestamp og trapp ned til elva…
Selskapsmeny: Be om tilbod
Dagens meny 2019 : Dagleg meny tilknytta aktivitetar
Me lagar mesteparten av maten vår frå bunnen av og brukar lokale produkt så langt det lar seg gjere
NB* dagane kan bli bytta om ein sjeldan gong.
Mandag
Viltgryte med reinsdyrkjøt servert med poteter og heimelaga brød
Tirsdag
Vossakorv servert med heimalaga potetmos og ratatouille laga av lokale grønsaker
Onsdag
Grilla sommarkotelett med salat og omnsbakte poteter
Torsdag
Vegetarlasagne servert med heimelaga brød og salat
Fredag
Bønnegryte servert med tortillachips, rømme og ost
Lørdag
Grilla hamburgarar med salat og omnsbakte poteter
Søndag
Omnsbakt torsk servert med dagens grønsaker, poteter og heimalaga saus

Bestilling
Ta kontakt for pakkeløysingar eller gruppebestillingar
Ring oss
Mail oss
Kontortid
Sommer: mån > søn / 09:00 > 16:00
Vinter: mån > fre / 09:00 > 16:00
*Me tilbyr privat tur på alle våre produkt. Ta kontakt for tilbud!