Resepsjons- og marknadsmedarbeidar

Resepsjons- og marknadsmedarbeidar

100% Stilling

Til vårt hovudkontor søkjer vi etter ein initiativrik, positiv og effektiv medarbeidar med eit skapt hovud som skal vera med å bidra til at våre gjestar får eit minnerikt opphald.

Stillinga er del av booking-, sals- og marknadsavdelinga der Leiv Kenneth Nilsen er leiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Innsjekk, fakturering og kasseoppgjer.
  • Sal og booking per telefon og e-post.
  • Handtere og vidareutvikle datasystem for booking, kapasitetsstyring og logistikk.
  • Skrive tilbod med oppsett av aktivitetar, tidsplan, overnatting og pris.
  • Vertskapsrolle, omvising samt konferanse & event koordinator.
  • Bidra i marknadsføring.
  • Dagleg drift av kontor med tilhøyrande arbeidsoppgåver.

 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning innan reiseliv og/ eller marknadsføring. Røynsle frå liknande arbeid kan vekta opp for formell utdanning.
  • God munnleg- og skriftleg i norsk og engelsk.
  • God kunnskap i Microsoft Office.
  • Røynsle frå digital marknadsføring er ein stor fordel.

 

Personlege eigenskapar:

  • Blid og serviceinnstilt med glimt i auge.
  • Ansvarsfull, pliktoppfyllande og kan ta i eit tak.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Løysingsorientert.

 

Voss Active tilbyr:

  • Variert, utfordrande og spanande stilling.
  • Du vil få lære veldig mykje om kontorarbeid og korleis ein driftar eit selskap.
  • Ansvar og sjølvstendig arbeid der du vil oppleve meistring og leiing.
  • Ungt, sporty og internasjonalt arbeidsmiljø i ei framoverlent og ekspansiv verksemd.

 

Ekstremsportbygda Voss!

Voss er ei flott bygd med ei rekkje fantastiske aktivitetstilbod. Vakker natur, godt med plass og eit knytepunkt både mot aust, vest og fjordane.

 

Søknad:

Sendast: frode@vossactive.no snarast og seinast innan 31. mars.

Søknad må innehalde komplett CV, søknadsbrev og referansar.

Tiltredelse og lønn etter avtale

Andre stillinger

It seems we can't find what you're looking for.