Miljøtiltak

  • Voss Active skal vere eit berekraftig selskap med sunne verdiar som er forankra hjå alle tilsette. «Leave nothing but footprints» er vårt miljømotto.
  • Vi skal tilby aktivitetar i naturen som i minst mulig grad nyttar motorisert ferdsel og vi skal ta omsyn til naturen.
  • Våre tilsette skal bidra til at våre deltakarar får oppleve korleis ein kan nytte naturen i Noreg til å få fantastiske opplevingar utan at miljø og natur tek skade.
  • Rafting, elvebrett og rappellering er aktivitetar som skjer i naturen heilt utan slitasje eller anna skade på natur og miljø. Vi tek omsyn til grunneigarar, fiskeinteresser og jakt.
  • Klatreparken nyttar gamal skog på ein skånsam måte og trea er overvaka av arborist.
  • Elvatun restaurant skal tilby lokalprodusert mat med lågt klimaavtrykk, og vi jobbar mot null matsvinn mellom anna ved at tilsette får med seg overskotet av matproduksjonen.
  • Voss Active sorterer og resirkulerer alt avfall. Voss Active er sertifisert som Miljøfyrtårn.

Rafting Senter & Restaurant


Location

Klatre- og ziplinepark