Teambuilding / Bonding!
For grupper skreddarsyr vi pakkar med ulike aktivitetar som fremjar samarbeid og lagbygging. Området rundt raftingsenteret er perfekt for ulike aktivitetar, og vi gjennomfører program både her og i villmarksleiren.
Gruppa vert delt i mindre lag som konkurrerer mot kvarandre i aktivitetar som, katapultbygging, blindebukk, vikingspelet «kubb», teoretisk problemløysing med meir. Dersom ein har arrangementet i villmarksleiren, kan sjølvsagt klatreparken vere ein av aktivitetane. Vi skreddarsyr pakken ut frå gruppa sine ønskje og kor lang tid ein har til disposisjon.
I tilknyting til desse aktivitetane tilbyr vi også lunsj eller grillmiddag. Vi kan også formidle hotell og konferansefasilitetar samt andre aktivitetar som ein del av våre pakkar.
kr 415.- p/p
Moro for alle!
Heile året
På førespurnad
Del side!