Fiskeopplevingar

Enten du har lyst å oppleve flott Vossa-natur eller berre ynskjer å slappe av med fiskestanga, vil våre vere fiskeopplevingar vere ein perfekt aktivitet!

Vi tilbyr guida fisketurar både til fots langs elv, vatn eller ved fjellvatn og frå kano på vatnet ved raftingsenteret. Både halvdagsturar og heildags turar til fjells.

Halv dags fisketur:

3-4 timars fisketur i elv eller vatn, vi vel fiskestad ut frå årstid og kunden sine ynskje. Leige av fiskeutstyr og fiskekort er inkludert, og instruktøren har med seg forfriskingar i sekken.
Set gjerne opp ein guida fisketur som alternativ til rafting når ein har større grupper!

Fiske & kanopadling:

Fin tur for barnefamiliar! Vi padlar på Lundarvatnet, som er svært fiskerikt og ligg rett nedanfor raftingsenteret. Våre dyktige guidar har omfattande fiskekunnskap og lærer deg teknikken om naudsynt.
Etterpå steiker vi fangsten på terrassen.
Alt utstyr er inkludert. Ta med klede etter vêrtilhøve. Tidsutstrekk: 3- 4 timar.

  • Connector.Connector.

    Pris per person

    Barn kr 505.- Voksen kr 690.-

  • Connector.Connector.

    5 år i løpet av året

  • Connector.Connector.

    Juni til og med sept

  • Connector.Connector.

    På førespurnad

Del!

Meir info

Varigheit

  • ca. 3-4 timar totalt

Krav

  • Minimum 5 år
  • Normal fysisk helse
  • Ikkje påverka av rusmiddel
  • Dersom du har astma, epilepsi, diabeteseller liknande, ring oss for informasjon

Inkludert

  • Alt utstyr
  • Henting / bringing
  • Forfriskningar

Ta med!

  • langerma ull undertrøye dersom det er kjølig ver