Tryggleik og Konsept

Tryggleik og Konsept

Parken vart fyrst bygd i 2000 med 4 element og 1 zipline. Gjennom åra har teknologien utvikla seg verda over og i 2010 starta me på ein total ombygging med eit langsiktig mål med auge om å utvikla parken slik den står fram i dag.

I 2012 sto lita løype klar for klatreglade born og mikro løype opna like etter og sørga for at nesten alle born kunne delta på sitt nivå. Første del av zipline parken stod klar til å ynskja luftige adrenalin søkande velkomne i 2017 og i 2019-2020 vart heile tryggleikssystemet oppgradert til kontinuerleg sikring.

Utvikling av parken fortset og målsetjinga er å tilføre nye og spannande utfordringar for alle!

Kontinuerlig sikring

Alle løyper i heile parken nyttar det same sikringssystemet (kontinuerleg sikring), der ein frå start til ein kjem i mål heile tida er festa til ei tryggleiksline.

Briefing og sikkerheitssystem

Alle som skal delta på klatre og/ eller zipline aktivitet i parken lyt gjennomgå instruksjon og trening samt vise at ein handterer og forstår korrekt bruk av utstyr før ein kan gå i løypene. Dette gjeld sjølv om du har besøkt oss tidlegare eller har vore i andre klatreparkar.

Når instruksjon og trening er gjennomført, og du har vist våre instruktørar at du handterer dette på korrekt måte, kan du gå opp i høgdeløypa. Frå då av er du sjølv ansvarleg for eigen tryggleik i ferda mellom trea! 

Vaksen tilsyn

Instruktørar deltar ikkje i løypene og deltakarar må fylgje rettleiinga gjeve av instruktør på briefing/ trening.

Foreldre/ føresette må fylgje parkens reglar til vaksen tilsyn. Ver venleg å les reglane våre, og om vaksen tilsyn, før du bestillar!

Sertifisering

Parken er regulert og sertifisert etter Statens Jernbanetilsyn (SJT). Me fylgjar eit strengt regime med inspeksjon, årlige kontrollar, interne driftsrutinar, opplæring av personale samt loggføring av all vedlikehald. Dette for å sørge for at parken tilfredstillar dagens krav og er moderne. Alle tiltak bidreg til å sikre ei tryg og god oppleving for alle våre klatreglade deltakarar.