Personvernerklæring

Personvernerklæring

Personvern, tryggleik og bruk av informasjonskapslar

Vi brukar informasjonskapslar (cookies) for å betre den digitale opplevinga for kundane våre. Dette blir gjort til dømes ved bestilling, der vi lagrar data om deg. Slik slepp du å fylle ut same informasjon to gonger. Vi lagrar også statistikk og nyttar brukaranalyseverktøyet Google Analytics.

Informasjonskapselfunksjonen kan slåast av og på i dei fleste nettlesarar etter høve. Om du vel å slå av dette, vil du stadig kunna bruke www.vossactive.no, men nokre av funksjonane vil ikkje fungere optimalt.

Slik slettar du informasjonskapslar/cookies:  Les meir

Personvernerklæring for Voss Active AS

Personvernerklæringa fortel korleis Voss Active samlar inn og nyttar personopplysingar.
Voss Active, ved daglig leiar, er behandlingsansvarleg for selskapet si behandling av personopplysingar. Erklæringa inneheld opplysingar du har krav på når det vert samla inn opplysingar frå nettstaden vår, i tillegg til bruk av våre tenester og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar.

Behandling av personopplysingar på  www.vossactive.no

Behandlingsansvarleg har det daglege ansvaret for handteringa av personopplysingar med mindre anna er oppgitt under. Det er frivillig for dei som besøker nettsidene å gje personopplysingar i samband med tenester, for eksempel å ta imot nyheitsbrev. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte, med mindre anna er spesifisert.

Opplysingar som vert samla inn i samband med drift av nettstad/netthandel vert lagra på eigne serverar, som vert drifta av leverandøren for vår netthandel, Visbook AS. Transaksjonar blir gjennomførte hjå Elavon og Netaxept AS. Det er berre Voss Active AS, Visbook AS, Elavon og Netaxept AS som har tilgang til opplysingane som vert samla inn.

Nettstatistikk

Voss Active samlar inn avidentifiserte opplysingar om besøkande på www.vossactive.no. Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi nyttar til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstaden. Statistikken gir t.d. svar på kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstader brukaren kjem frå og kva for nettlesar som vert nytta.

Opplysingane vert behandla i avidentifisert og aggregert form. Avidentifisert tyder at vi ikkje kan spore opplysingane vi samlar inn tilbake til den enkelte brukar. Vi samlar inn heile IP-adressa, men IP-adressa vert avidentifisert slik at berre dei tre fyrste gruppene i adressa vert nytta til å generere statistikk. Det vil seie at dersom IP-adressa består av nummera 195.159.103.82, vert berre 195.159.103.xx nytta. I tillegg vert IP-adressene behandla på aggregert nivå, det vil seie at all data vert slått saman til ei gruppe og ikkje behandla individuelt.

Vi nyttar analyseverktøyet Google Analytics på vår nettstad. Dette er eit verktøy med open kildekode (GPL) og som er installert på ein eigen server hjå Google Analytics. Informasjon frå dette verktøyet blir ikkje utlevert frå Voss Active til andre aktørar.

Deling av innlegg på www.vossactive.no

Når du deler innlegg, blir informasjon lagt inn der og då hjå nettsamfunnet du vel. Korleis det aktuelle nettsamfunnet handterer data vidare, blir regulert av din avtale med nettsamfunnet. Informasjon om at du har delt eit innlegg vert ikkje lagra hjå oss.

Nyheitsbrev

Voss Active sender ut nyheitsbrev omkring ein gong per månad via e-post. For at vi skal kunne sende e-post, må du godta at vi sender deg slike nyheitsbrev og registrere ei e-postadresse. MailChimp er databehandlar for nyheitsbrevet. E-postadressa vert lagra i ein eigen database, vert ikkje delt med andre, og vert sletta når du seier opp abonnementet.

Bestilling av tenester hjå Voss Active

På nettsida kan du bestille våre tenester ved å registrere blant anna organisasjon, namn, e-post og postadresse. Denne informasjonen blir oppbevart i bookingsystemet Visbook. Bestillingsinformasjonen vert ikkje delt med andre aktørar. Personopplysingar vi får inn ved bestillingar blir ikkje nytta til andre
føremål enn å effektuere bestillinga. Grunnlaget for oppbevaringa er å kunne kontakte kunden og hente ut ev. informasjon om dato og tidspunkt for opphaldet dersom det skulle oppstå saker i forbindelse med skader eller liknande.

Saksbehandling og arkiv

Voss Active bruker nettskysystemet drop-box for lagring av dokument internt. Booking- og rekneskapsansvarleg er delegert det daglege ansvaret for systemet, manuelt arkiv og for at det er utarbeidd nødvendige rutinar for bruk av dette.
Voss Active handterer personopplysingar for å oppfylle lovpålagte oppgåver etter m.a. arkivlov.

Det vert registrert ulike personopplysingar i arkiv- og saksbehandlingssystemet. Dette er opplysingar som namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse (grunndata) og annan relevant informasjon som går fram av kontakten. Registrering, lagring og oppbevaring skjer i samsvar med arkivlovgivinga.
Ved krav om innsyn blir personopplysingane leverte i samsvar med offentleglova og forvaltningslova.

E-post og telefon

Voss Active nyttar e-post og telefon som ein del av det daglege arbeidet for å utføre tenestene som vert gjevne til kunden. Bookingansvarleg der e-posten eller telefonsamtalen blir tatt imot, har det daglege ansvaret for handteringa av personopplysingar i denne samanheng. Relevante opplysingar frå telefonsamtalar og e-postutveksling som skjer som ein del av ev. saksbehandling eller booking vert arkiverte. Desse opplysingane vert i så fall handterte som skildra over (sjå «Saksbehandling og arkiv», «bestilling av tenester hjå Voss Active»).

Voss Active sine medarbeidarar nyttar i tillegg e-post i alminneleg dialog med interne og eksterne kontaktar. Den enkelte er ansvarleg for å slette meldingar som ikkje lenger er aktuelle, og minst kvart år gå gjennom og slette unødvendig innhald i e-postkassa.
Sensitive personopplysingar skal ikkje sendast med e-post.
Vi gjer deg merksam på at vanleg e-post er ikkje kryptert. Vi oppmodar deg difor til ikkje å sende sensitive eller andre fortrulege opplysingar via e-post.

Liste over deltakarar som deltek på aktivitetar

Ved booking arkiverer vi namn og ev. e-post og telefonnr. Sjå «Bestilling av tenester hjå Voss Active».

Når du kjem til Voss Active må du signere ei eigenerklæring i forkant, for å sikre at du er informert om risiko ved aktiviteten og er helsemessig skikka til deltaking, i tillegg til å godta at det blir tatt bilete frå turen som kan publiserast og seljast. Eigenerklæringa inneheld berre opplysingar som namn og signatur, og vil bli oppbevart i eitt år etter et aktiviteten er gjennomført. Grunnlaget for handteringa er ev. skadar, seinskadar eller klage osv. som kan oppstå.

Kven deler vi med. Tredjepartar online

Alle personopplysingane vi har om deg blir behandla av våre tilsette i Noreg. Utan ditt samtykke vil vi ikkje sende opplysingane dine til nokon tredjepartar, utanom dei som hjelper oss med å levere tenestene nemnt ovanfor. Desse bedriftene er:

  • Mailchimp.com
  • Facebook.com
  • Instagram.com
  • Linkedin.com
  • Bookingsystem: Bilberry / Visbook AS
  • Betalingssystem: Elavon / Nets / Netaxept AS

 

MailChimp, Facebook.com, Instagram og LinkedIn har kvar gitt følgjande garantiar for å sikre tryggleiken til dine personopplysningar, og dei skal bli behandla etter minst same standardar som angitt i dei generelle databeskyttelsesforskriftene. MailChimp, Facebook, Instagram og LinkedIn deltek i The Privacy Shield-rammeverket, som er godkjent av EU-kommisjonen som bevis på at det er eit tilstrekkeleg beskyttelsesnivå for personopplysingane i landet, territoriet eller organisasjon den vert overført i, i dette tilfellet Norge.

  • Få ein kopi av garantiane til MailChimp databeskyttelsesdokumentasjon ved å besøke https://mailchimp.com
  • Få ein kopi av garantiane til MailChimp databeskyttelsesdokumentasjon ved å besøke https://www.facebook.com
  • Få ein kopi av garantiane til Instagram databeskyttelsesdokumentasjon ved å besøke https://www.Instagram.com
  • Få ein kopi av garantiane til LinkedIn databeskyttelsesdokumentasjon ved å besøke https://linkedin.com

 

Vi tek alle forholdsreglar for å sikre at personopplysingane dine vert behandla sikkert.

Vi ønskjer å sende deg informasjon om våre eigne produkt og tenester via e-post. Ver merksam på at dersom du har samtykt til å få tilsendt våre nyheitsbrev via e-post, vil opplysingane dine bli delte til tredjepartane ovanfor, og du vil motta kommunikasjon via tredjepartsorganisasjonane MailChimp, Facebook, Instagram og LinkedIn som ein del av annonsering.

Rettar om innsyn, retting og sletting av personopplysningar

Dei som er registrerte i ein av Voss Active sine system har rett på innsyn i eigne opplysingar. Vedkomande har også rett til å be om at ufullstendige eller feil opplysingar blir retta, eller at all informasjon blir sletta om dette ikkje bryt med krava til ei gjeldande bestilling. Krav frå den registrerte skal handterast kostnadsfritt og seinast innan 30 dagar.

Rett på å klage Voss Active til Datatilsynet

Ta kontakt med Datatilsynet på: https://www.datatilsynet.no/