Klatre og ziplinepark
I parken er det totalt 60 element fordelt på 4 små løyper for dei over 100 cm samt 2 store løyper og 1 zipline løype for dei over 140 cm.
Parken er lokalisert i naturskjønne omgjevnadar like ved Strandaelva i Åsbrekkegjellet.
Løypene er varierte, morosame og utfordrande for barn så vel som vaksne.

Klatrepark!

meistring!

for born og vaksne!

utfordre deg sjølv!

morosame!


Open dagar 2021
Open kvar helg: 13. Mai > 17. Okt
Open kvar dag: 19. Juni > 29 Aug
*stengt kl17. Mai
*Ekstra åpent
13. & 14. Mai (Kristi Himmelfartsdag)
24. Mai (2. Pinsedag)
11. > 15. Okt (Haustferien)

Innsjekk
kl10:00 > kl15:00
*parken stenger kl17:00
Briefing / instruksjon
*briefing kvar heile time
*gjelder også sesongkort innehavere
Stor Løype
2 løyper, 26 element, 2 zipliner
Spennande klatre og balanse element frå tre til tre. Ved dei mest utfordrande elementa finns det og snarvegar dersom ein finn dei litt for skumle.
Ziplinepark
1 løyper med 5 zipliner
Ziplinene går frå tre til tre gjennom skogen og over Strandaelva, den lengste ziplinen er 150 meter og føl elvestryka nedover!

Stor løype + zipline
kr 490.- pp

Mini løype + zipline
kr 299.- pp

Bare ziplinepark
kr 299.- pp
Minimum høgd: 140 cm
Lita og Mikro Løyper
4 løyper, 23 artige elementar, 4 zipliner
Dei små løypene høver for mindre born eller for dei som tykjar dei store løypene vert for tøffe. Langs mikro løypa er det mogleg for foreldre å fylgje borna frå bakkeplan og hjelpe dei om nødvendig.
Kjekt å vite
Det er ikkje aldersgrense på nokre av løypene
Min høgd for Stor Løype og Zipline Parken: 140 cm
Minimum høgd for lita løype og mikro løype: 100 cm
Rekna ca. 1-4 timar i parken
Maksimum vekt 130 kg (1) (1)
Normal fysisk helse
Kan ikkje vera påverka av rusmiddel
Inkludert
klatresele og sikkerhetsutstyr
grundig instruksjon
Ta med
Regntøy
Sko
Viktig info om smitteverntiltak i Voss Klatre- og Ziplinepark
Vi må ta nokre grep for at dette skal bli ei trygg og god oppleving for alle. Om du er småsjuk eller kan ha mistanke om å vere smitta, skal du ikkje besøke klatreparken. Om du er i risikogruppa skal du heller ikkje kome til klatreparken.
Opphaldstida i klatreparken er avgrensa til 2 timar. Klatreparken er ein flott stad, men i desse spesielle tidene ynskjer vi ikkje at du oppheld deg i parken meir enn naudsynt.
Kjøp av billettar kan berre skje online. Ta kontakt pr e-post eller telefon for bruk av gåvekort eller sesongkort. Møt opp i klatreparken 15 min før tidspunktet som er bestilt.
- Drop-in er ikkje mogleg. Ver venleg å ikkje besøk klatreparken utan at det er bestilt på førehand.
- Alle gjester skal desinfisere hender ved ankomst. Vi har desinfeksjonspostar fleire stader.
- Vi vaskar eller tørkar av utstyr med desinfiserande middel mellom kvart bruk.
- Påseling av utstyr gjer du sjølv, med hjelp av dei andre i ditt reisefølge. Instruktør veileder og tek visuell kontroll etter påseling.
- Hald avstand til andre reisefølge på minst 1 meter.
- Opplæring gjennomførast som tidlegare, men i mindre grupper.
- Du kan ta med eigen mat og drikke. Vi kan ikkje tilby kaffi/te, grill og grillutstyr som tidlegare.
- Om du må ha hjelp ned frå løypa: Hald deg roleg å føl instruktøren sine rettleiingar. Fyrst vil vi at reisefylgjet hjelper kvarandre om mogleg, om instruktør må gripe inn vil han/ho nytte reine hanskar og munnbind.
- Toaletter: utedoen vil vere open som før, men vi vil syte for hyppig vask og oppfordrar til ekstra omsyn til hygiene.
- Ta generell omsyn så går dette veldig fint, og alle får ei trygg, spanande og topp oppleving!
Har du nokon spørsmål? Ta kontakt med oss!
Bursdagsfeiring
Bursdag kan feirast i parken kvar dag innanfor ordinær opningstid. Normalt sett er det travlast i parken frå rundt 12:00 til 14:00. Vi anbefala å ha bursdagsfeiring i parken enten tidleg på føremiddagen eller etter kl. 14:00. Ein kan rekna ca. 2-3 timar i løypene inkl. instruksjon.
Bord vert reservert i «vikinghytta» der de kan ha bursdagsselskap med eigne kaker etc. Det er og grillar tilgjengelege i parken som kan nyttast om ønskeleg. Vi stillar med grillkol og tennvæske og de treng kun ta med maten som skal på grillen.
Ta kontakt per telefon eller mail for reservasjon eller andre spørsmål.
Bursdagsbornet + 1 foreldre klatrar GRATIS
*Minimum 10 deltakarar
Minimum 10 deltakarar
Rekna ca. 3-4 timar i parken
2-3 timer i løypene
Bord vert reservert i vikinghytta
Vi stillar med grillkol og tennvæske
Briefing og sikkerheitssystem
Før du går opp i høgdeløypa får du utlevert klatresele samt sikkerheitsutstyr og lyt gå gjennom instruksjon og trening i korrekt bruk og handtering av utstyr. Våre dyktige instruktørar sørger for at alle som skal klatre har forståing for korrekt bruk av utstyr og kordan ein opptrer for å komma seg trygt gjennom løypene.
Når instruksjon og trening er gjennomført, og du har vist våre instruktørar at du handterer dette på korrekt måte, kan du gå opp i høgdeløypa. Frå da av er du sjølv ansvarlig for egen sikkerhet i ferda mellom trærne!
Heile parken inkludert små løyper, store løyper og zipline løyper nytar det same sikringssystemet (kontinuerlig sikring) der ein frå start til ein kjem i mål, heile tida er festa til ei sikkerheitsline.
Konsept
Klatreparker handlar om personlege utfordringar og kjensle av meistring!
Oppdagelsesferda mellom tretoppane vil by på spanande og utfordrande aktivitetar der du tek deg frå tre til tre ved hjelp av ulike klatre- og balanse element. Nokre av elementa er enkle, nokre meir fysiske, nokre veldig høge men felles for dei alle er at dei er veldig artige.
Er du litt engstelig for høgdar er høgdeløypa ein fantastisk flott måte å overvinna frykta på og samtidig ha det veldig moro. Om dei mest utfordrande elementa blir litt for tøffe for deg er det og mogleg å ta ein snarveg.
Sesongmedlem 2021
Har du planar om å besøkje parken fleire gongar i løpet av sesongen kan det svara seg å kjøpa sesongmedlemskap som kan nyttast heile sumaren.
- Lita + Mikro Løyper: kr 590.- p/p
- Klatre- og ziplinepark (heile park): kr 1370.- p/p
- Klatre- og ziplinepark Familiemedlemskap (heile park): kr 4900.-
Vilkår
- Ordrenumeret på kvitteringen er medlemsnummeret ditt
- Sesongsmedlemskap kan kun nyttast i sesongens faste opningsdager
- Sesongsmedlemskap er personleg
- Familie sesongsmedlemskap er gyldig for 2 føresette og alle heimeverande born
Voksen tilsyn - Les Fyrst!
Stor Løyper + ziplinepark
- 16+ år: Må signere erklæringen i Klatreparken
- <16 år: En voksen må signere erklæringen
- 12 > 15 år: En voksen må være tilstede i klatreparken men trenger ikke bli med i løypen
- <12 år: En voksne må være med i løypen (maks 4 – 1)
Lita + Micro Løyper
- 16+ år: Må signere erklæringen i Klatreparken
- < 16 år: En voksen må signere erklæringen
- 5 > 15 år: En voksen må være tilstede i klatreparken men trenger ikke bli med i løypen
- <5 år: En voksne må være med i løypen (maks 2 – 1
Online Booking
Ver venleg å lese våre reglar og voksentilsyn før du bookar!
*briefing kvar heile time
Store grupper & pakkar
Prisar utanfor faste opne dagar
Stor løype: kr 440.- pp
Lita Løype: kr 220.- pp
OBS* Må betale for minimum 10 deltakararGrupperabatt
Ved bestilling for minimum 15 deltakarar får de 10 % rabatt
Ring oss
+47 56 510525
Mail oss
post@vossactive.no
Klatre- og ziplinepark
Vossastrandvegen, 5713 Vossastrand
Voss Klatrepark ligg 14 km nord frå Voss sentrum.
Frå Voss sentrum følg E16 og ta av til høgre 1,8 km etter Tvinde Camping (150 meter før du krysser brua).
Frå parkeringa er det cirka 5 minuttars gange til klatreparken. Følg skilting.