Voss Rafting Senter blei starta i 1992 som ei avdeling under Dagali Rafting AS, eit selskap som var eigd av Eivind Scharffenberg med Frode Solbakk som leiar.
I 1995 kjøpte Frode avdelinga på Voss saman med David Monaghan og Jan Erik Short, og selskapet Voss Rafting Senter AS blei stifta. I denne fasen var det viktig for oss å kunne tilby eit meir ekstremt tilbod enn andre raftingselskap i Noreg, og vi fant krevjande elver som fanga merksemd både hjå potensielle kundar og media.
Selskapet er ei grunderbedrift som ynskjer å utvikle gode opplevingar tett på naturen. Voss Rafting Senter har difor investert i både klatrepark, hotell, restaurant og ei transportavdeling slik at vi kan tilby eit unikt opphald med opplevingar som famnar eit breitt publikum. Vi starta også selskapet Norway Active som tilbyr rundturar i fjordane og sykkelutleige i Bergen og Flåm.
Voss Rafting Senter har vore ein sentral aktør for å plassere Voss på kartet som ein stad for opplevingsbasert reiseliv, både når det gjeld samarbeid lokalt og regionalt og utviklinga av destinasjonen. Ikkje minst har vi gjort Voss synleg gjennom mange TV-produksjonar. I 1998 tok vi initiativet til Pepsi-Max Veko, i dag kjent som Ekstremsportveko, og vi er ein aktiv bidragsytar i dette årlege arrangementet.
Voss Rafting Senter AS er i dag eigd av Frode Solbakk og Christian Short, og selskapet er organisert som eit konsern med Voss Active AS som driftsselskap og Norway Active som systerselskap.
Vi er stolte av å kunne presentere eit av dei mest veldrivne opplevingsfirmaet i landet med eit godt arbeidsmiljø og ikkje minst særs nøgde gjestar som vi liker å kalle DELTAKARAR!
Fasilitetar
Voss Active
Konkurrentar
Antal sesongar
33
9
Antal tilsette
55+
3-12
Kapasitet rafting
100+ pax/tur
36 pax/tur
Antal elver for rafting
3
1
Føl norsk norm for rafting
Ja
Nei
Høgaste gradering
4+
3
Raftar «Timberhole» (største stryk)
Ja
Nei
Max tjukkleik drakt
7mm
4mm
CE-merka utstyr
Ja
?
Busskapasitet
88 seter
0
Lovleg persontransport
Ja
Nei
Eigen parkering
Ja
Ja
Elbil-ladar
6
1
Garderobar
Ja
Ja
Antal gjestedusj
10
0
Låsbare skap
130
?
Kafé & bar
Ja
Nei
Restaurant
Ja
Nei
Badstove
Ja
Nei
Boblebad
3
0
Overnatting
Ja
Nei

