Fasilitetar

Fasilitetar

Basen til Voss Active ligg i naturskjønne Skulestadmo. Her ligg vi rett ved elva, og kan presentere det mest moderne raftinganlegget i Noreg.

GARDERROBANE

Varmekablar i golvet i garderobane og dusjane. Varmtvasstank på 2000 liter burde garantere varmt vatn for alle etter eventyra. 130 låsbare skåp.

UTSTYR

Funksjonelt og hygienisk rom for utstyr, med våtdrakter og våtsko i alle storleikar. Me vaskar og desinfiserer utstyret mellom alle turar.