Elvatun er ein unik kafé og bar i tradisjonell gammalnorsk stil med tømmerveggar og grov skifer frå lokale skogar og berg.
På kjølige dagar vert stova varma opp med open peis som skapar ein koseleg atmosfære, medan me om sommaren kan opne låvedørene til uteservering ved elva.
Her vert det servert lunsj til våre aktivitets-gjestar og her kan ein få ro i sjela med god drikke i ein behageleg sofa i lag med vener. På godt norsk kallar me det «å hygga seg»!
Me serverer herlege lunsj- og middagsrettar i vår hyggelege kafé.
Me har tre store utandørs boblebad med plass til opp til 6 personar!
Her kan du bestille privattime i boblebad. Vel dato under for å sjå tilgjengelege tidspunkt.
Om du ynskjer å benytte deg av boblebada utanfor desse tidene kan du høyre med dei som jobbar i baren.
Dersom det er ledig boblebad er det mogleg med drop-in. Pris for dette er 195,- per person for 1 time.
Me har ei vedfyrt badstove som me fyrar opp for større grupper. Ver venleg å ta kontakt om du ynskjer å bestille dette for gruppa di.