Skuleturar

Skuleturar

Grunnpakke

Dag 1

15:00: INNSJEKKING VOSS ACTIVE
(Vi ordnar transport vidare, dersom de ikkje kjem i eigen buss.)

15:30: LAGBYGGING / ‘TEAM BONDING’ i hagen på Voss Active
Vi set saman eit program med tre til fem ulike aktivitetar, som alle krev samarbeid og kreativitet for å kunne gjennomførast.
Gruppa vert delt inn i mindre lag og konkurrerer mot kvarandre.

17:30: TRANSPORT TIL KLATREPARK & VILLMARKSLEIREN
Leiren ligg 15 min. køyring frå Voss, i isolerte omgjevnadar. Leiren består av to store lavvoar, ei vikinghytte, eit stort bord under tak, ei naturleg steingrotte med bord og benkar, og to utedoar. Leiren er vidare utstyrt med diverse lampar, saueskinn, ved, tallerkar, bestikk m.m.

Sidan det meste er under tak, spelar det inga rolle om det regnar!

18:00: KLATREPARK
Ein spennande kombinasjon av balansehindringar, klatring og zipliner (taubanar). I klatreparken er det fire små løyper og to store løyper med totalt 55 ulike klatre- og balanseelement, inkludert seks taubanar. I tillegg kan ein oppgradere med ziplineparken som består av fem spektakulære zipliner høgt oppe i trea. Ziplinene kryssar også elva. Alle er godt sikra med klatreutstyr, og instruktørar leier og hjelper til.

19:30: MIDDAG: BBQ med hamburgar og pølse

20:00: OVERNATTING I LAVVO
Resten av kvelden står til klassen sin disposisjon med bål, song etc. Vi oppmodar klassane til sjølve å organisere eiga underhalding.

Dag 2

08:00: FRUKOST
Vi lagar frukost med brød, diverse pålegg, juice, kaffi og te. Etter frukost pakkar vi ned, og ryddar leiren.

09:30: TRANSPORT til Voss Active, Skulestadmo

10:00: RAFTING!
Alle skiftar til raftingutstyr beståande av våtdrakt, surfesko, jakke, redningsvest og hjelm. Bagasjen legg de igjen i garderobane. Busstransport til elva, der det vert gjeve instruksjon og trening. Raftingturen varer 3,5 – 4 timar. Klassar der elevane er under 15 år vil få rafting i Vosso med lågare gradering. Vi tek i så fall med både store raftar og små tomanns sportsraftar. Mykje bading og moro!

13:30: RETUR til Voss Active, dusj og varme klede.

13:45: DAGENS VARME LUNSJ I ELVATUN RESTAURANT
Vi syner bilete frå raftingturen på storskjerm.

HEIMREISE ETTER LUNSJ

Rafting Grad 4

Rafting grad 4 pakke

For grupper 15 år+

2375 nok
+kr 155,- pp helgetillegg
15 år i løpet av året
Må kunne symje

Rafting grad 2 pakke

For grupper 10-14 år

2055 nok
+kr 155,- pp helgetillegg
10 år i løpet av året
Må kunne symje

Gruppebestillingar

Me set saman pakkeløysingar med ulike aktivitetar, bevertning og overnatting. Ta kontakt og vi lagar eit program tilpassa dykkar ynskje og behov