Voss Active Klatre‑ og Ziplinepark er ein aktivitetpark i treetopparne, der deltakarane klatrar, balanserer og susar mellom plattformer høgt oppe i skogen. Parken har fleire klatreløyper og zipliner i ulike høgder og vanskegrader, og byr på ei aktiv og spanande oppleving – tett på naturen og trygt tilrettelagt.
Parken passar godt for familiar, venegjengar, skuleklassar og bedrifter som vil gjera noko kjekt saman ute. Deltakarane kan ta løypene i sitt eige tempo, så både nybyrjarar og dei som vil ha litt meir utfordring får ei god oppleving – berre nokre få minutt frå sentrum av Voss.
Utfordra balansen og ferdigheitene dine når du tek deg gjennom klatreelement i treetopparne, før du avsluttar med ein runde i ziplineparken. Her får deltakarane ei variert og spanande oppleving høgt over bakken – med både klatring og fart.
Hovudløypene består av to klatreløyper med ulik vanskenivå, kvar med zipline på slutten. Ziplineparken har fem lange zipliner, der to av dei går tvers over elva og tilbake att.
Dei fleste deltakarane held seg til hovudløypa og ziplinene, men Mini Parken er open for dei som vil ha ein litt mjukare start.
Dei små løypene høver for mindre born, eller for dei som tykkjer dei store løypene vert for tøffe. Langs mikroløypa er det mogleg for foreldre å fylgje borna frå bakkeplan og hjelpe dei om nødvendig.
Dette området er hovudsakleg for born men vaksne kan og delta.
Mikro løypa er kun 1-2 meter høg og perfekt for mindre born og mens lita løype er 6-7 meter over bakkeplan og passar for born som ynskjer litt større utfordringar. Alle løypar avsluttast med ei zipline!
Parken ligg ikkje ved Raftingbasen – han ligg ca. 15 km nord for Voss, sjå HER
Bruk sko som sit godt på foten, og kle deg etter vêr og temperatur
Parkering er gratis, men avgrensa, og skjer på eige ansvar
Me har off‑grid toalett – dei er enkle og kan lukta litt naturleg
Det er piknikområde og ei “Vikinghytte” som de gjerne kan nytta
Is, brus, kaffi og snacks er tilgjengeleg i park‑kiosken
For å kjøpa sesongkort trykkjer du på Bestill no, og legg inn namn på den eller dei som sesongkortet gjeld.
Når du kjøper sesongkort er einaste tilgjengelege dato 12. oktober. Dette er førebels den einaste måten me kan gjere sesongkort tilgjengeleg for sal online på nett
Om du vil kjøpe fleire individuelle sesongkort må du kjøpe desse separat då det er ordrenummeret som vert nummeret til sesongkortet.
Ta kontakt og vi lagar eit program tilpassa dykkar ynskje og behov.

