Elva Hotell

Eit heilt spesielt hotelltilbod på Voss som bind saman ekstremsport og naturopplevingar med spektakulær overnatting og matkultur. Elva er eit lite designhotell med 14 rom og består av eit hovudbygg og fem unike småhus, alle med fantastisk utsikt mot vatn, skog og fjell. Usjenert sjølv om det ligg sentralt. Vakkert og vilt, året rundt. Kvar […]

SUP Yoga

Ein unik yogatime med avslappande vinyasa flow- sekvensar på store, stabile SUP Yogabrett.

Juvvandring

Iført våtdrakt, hjelm og redningsvest vekslar du på å symje, klatre og hoppe langsmed elva i juvet. Juving er berre tilgjengeleg når elvane har for lite vatn til å gjennomføre raftingturane, (vanlegvis seint på sommaren)

Klatre og Ziplinepark

Parken ligg i naturskjønne omgjevnadar like ved Strandaelva i Åsbrekkegjelet.Løypene er varierte, morosame og utfordrande for både born og vaksne. I parken er det over 60 element fordelt på fire små løyper for dei over 100 cm, i tillegg til to store løyper og ei ziplineløype for dei over 140 cm. Opningstider Helger: 13. mai […]

Elvatun kafé & bar

Elvatun er ein unik kafé og bar i tradisjonell gammalnorsk stil med tømmerveggar og grov skifer frå lokale skogar og berg. På kjølige dagar vert stova varma opp med open peis som skapar ein koseleg atmosfære, medan me om sommaren kan opne låvedørene til uteservering ved elva. Her vert det servert lunsj til våre aktivitets-gjestar […]

Elvebrett

Elvebrett

Dette er truleg den tøffaste elvesporten som er å oppdrive i Noreg, men du bestemmer sjølv kor ekstrem denne sporten skal bli for deg.